onsdag, november 21, 2007

NYE OG UVANLEGE OPPLEVELSAR I DET SISTE

Dei siste vekene har eg opplevd ein del ting som eg aldri trudde skulle hende meg.

Har hatt besøk av ein rovfugel som satt på plena og åt på fangsten sin, trur det var ein falk sidan den var så liten. Den satt under ti meter fra husveggen atmed granhekken og åt, har dei siste åra observert ein del rovfugel men ikkje sett at dei har fest i hagen hos oss.

På mandags morgen i halv sju tida, då vi ( eg og sonen) hadde kjaurt mannen på flyplassen, og var på vei heim igjen då såg vi eit "stjerneskudd" som for over himmelen. Det var ei ganske stort "ting" som kom inn i atmosfæren, halen var lang og grønnaktig bak ei lyskule. Vi såg den lenge og det var ikkje berre eit lite lysglimt, det var eit kjempefint syn. Det måtte vere takken for at ein står opp kl. fem om morgonen og er sjåfør.

På tirsdagen då eg skulle gå heim etter å ha ordna i kårhusa haurte vi eit volsomt skrik rett over oss. Det var ei stor ørn som gjekk til angrep på ei gås så fjøra fauk, sonen som sto rett under fekk fjøra over seg. Heldigvis kom gåsa seg unna ørna og ho flaug kaklande bort. Ho høyrer sikkert til ein flokk med gås som flyg rundt her i plog og har vel mista retningssansen og årstida totalt sidan dei er her ennå.
Har tidlegare sett at ein hauk har teke ein måse i lufta men ikkje ei ørn har gått til angrep og fanga noko i lufta. Det er ein god del ørn her og vi ser dei dagleg.

3 kommentarer:

Zizzi Molde sa...

Nei, hva i alle dager er dette nå da? Gåte???? Tjihi! Fine bilder du viser frem, da, som alltid. Så du mine fra gårsdagen? Så fornøyd selv, da :-)

Mita`s hjørne sa...

Tja...
Ha en koselig kveld...he,he...

Anonym sa...

det var litt av en fugle historie :) gikk gjetor om den på skolebussen ;)