fredag, november 30, 2007

Måtte berre prøve meg............ blir jo ikkje noko ellers......

Har surfa på nettet for å finne ei hekla og tova katteseng .
Sidan eg allereie hadde kjøpt meg garn,
og ingen hadde "oppskrift" med same garn måtte eg ta hekle kroken i eiga hand. Fann ei gamal oppskrift på ein gryte klut, og fekk fart på krok og garn.
Hadde ingen aning på størrelsen så eg ende opp med 50 cm i diameter på botnen og 25 cm vegger før eg tova den,
Måtte ha den i vaskemaskina til toving fleire gonger for eg var for pysete med temperaturen.


Då eg var fornøyd med størrelsen vart den plassert foran varmepumpa til tørking.
2 sekund etter var det to kattar oppi og prøvelåg,
måtte berre hive ut kattane så den fekk tørke utan at kantane skulle ligges flat.

Det er katta Jorunn som likar kattesenga best,
ho liker godt å kose seg i den og holde eit auge med tv´n.
Sporten er ein av favorittane, skigåing og handball er best,
Så med skisesong og VM i handball for damer,
kan både eg og katta kose oss framover mot jul og langt utover nyåret.
Da er vi to i familien om å like litt sport,
endeleg er eg ikkje åleine framom tv´n når det er sport.

Ingen kommentarer: