tirsdag, november 06, 2007

Turkis grein


På søndagens formiddagstur gjekk vi opp i skogen, eller det vi kaller for skogen, det er ikkje så mykje skog her. Det som er her ute mot kysten er for det meste plantet i lebelter for vinden.

Men dette er barndommens skog, der vi leika oss, byggde hytter og laget tipi telt av staur og tomme mjølsekker som var av papir.
Passende langt heime frå og ikkje for langt unna, det som gjorde den skogen ekstra spennande er at det er ein tyskerbunker og skyttergraver der og fleire ligg bunkerser etter tyskerne ligg berre nokre hundre meter unna.

Mjølsekkene var verdt si vekt i gull, dei kunne brukas til tak, vegger, underlag, ligge inni og bruke dei når vi rulla ned bakker. Var vi så heldige å få snø var det kjempeartig å stikke fotane inni og ake seg ned bakke. Dei var laga av fleire lag med gråpapir så dei var slitesterke og romma 50kg mjøl eller kraftfor til kyrne som det egentlig heiter.

Tilbake til bildet, da poden knakk ei grein kom denne nydelige farga fram, og mor måtte berre ta bildet. Har aldri før sett slik fin farge på ei grein før.

Ingen kommentarer: