onsdag, august 20, 2008

Danmark på ferietur


På vei nedover til Danmark,
måtte vi ha eit par overnattingar
og da vart det prøvd mini golf.
Fotstillinga kan vel betras,
den ber nok preg av at eg
har oppveksten min i verharde strøk.
Kølle føringa treng litt små justeringar,
greit å få litt trening i grunn teknikkar sidan
planane om Hustadvika Golfbane
skyt fart.

Turen i Legoland var fin mellom styrt regn og sol,
her er bryggjene i Bergen.

Likar rett og slett ikkje ting som går fort
og skiftar retning både opp og ned.
I ettertid når eg såg kva som hengte utafor slottet,
skulla eg ha gått ut.
Det som vi ( eg og Mr. Fargerike) trudde var ei omvising
i slottet med eit rolig og langsamt tog ala
det som er på Hunderfossen.

Omvisinga i slottet var over
og vi vart overraska over at toget plutselig
skaut fart og vart til ein berg- og dalbane.
Eg vart så overraska at brilla måtte eg tvihalde
på så dei ikkje fauk av hovudet.
På bildet vi kunne kjøpe etterpå, ser vi ei dame som fortvila prøvde
å holde på brilla si
i ein utover sving med ei rar grimase.

Men poden kosa seg godt då han såg kor
rar mor og far var under turen.
Vi kjøpte ikkje det bilete vi.

Det var mange og fine blomster og tre i Legoland.




Raftinga greidde vi oss godt i.

Typisk Danmark.

,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,


1 kommentar:

Marie sa...

Flott post frå turen til Danmark :)

Takk for kommentar hos meg :)