fredag, august 22, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG NR 35 OG 36

Mr. Fargerike han var i Trondheim i går
og stakk innom Ikea med lapp frå Frua i huset.
Der kjøpte han blant anna nytt middags servise til tolv,
det betyr at eg har fått kasta 12 flate- og 12 djuptallerkenar.

Då vart eg litt usikker......
skal eg hive alle på ein dag.......
eller ein kvar dag.....

Nokre dagar er eg i tvil om eg har 365 ting
å kaste og andre dagar ser eg tusen ting.
Trur eg delar dei i flate og djupe
slik at det er for to dagar eg har kasta.


<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<>>>>>>>><<<<<<<<<<<<>>>>>>>>><<<<<<<<<<<<<<<

1 kommentar:

Marie sa...

Ja av og til må me kaste noko for å få plass til det nye.

Gratulerer med nytt service! Du får "legge" det på bloggen, hadde vore kjekt å sett det :)