onsdag, januar 02, 2008

OVERGANG TIL EIT NYTT...........

Dei siste dagane med førebuingar til årsskiftet
har gått nokså greit,
berre med nokre mindre uhell i heimen.

Har blitt regelrett blitt jaga ut av kjøkkenet,
mens maten er blitt laga både til jul- og nyttårsfeiring.
Har fått audiens til å lage sausar og røre tyttebær.

Har fått bruke kjøkkenet som transitt til vaskerommet.
Veslejuleaften fekk eg faktisk lage julenissegrauten
men då var tolmodet oppbrukt.

På nyttårskvelden ramma uhellet oss.
Eit kraftig dunk og nordlendingen i kallen kom
skikkeleg fram, meir enn ein gong.
Han var på vaskerommet,
bak døra til fryseskapet
stod "nordlendingen" og laga lydar.

Han hadde blitt angrepet av ei rådyr-steik han fekk på 50-årsdagen sin.
Den var djup frose og skaut ut og fekk god fart frå øvste etasje
og hadde kurs mot venstre foten.
Då den landa starta bråket.

Fekk han plassert på ein stol,
tok fram bilnøklane og var klar til å ta ein tur på legevakta.

Alarmen stilna og vi kunne sjå på skaden.
Ikkje var det blod eller andre ytre skader.
Så etter ein liten pause hiva han seg i matlaginga igjen.
Ikkje ein gong då kunne eg få hjelpe han.

Moralen er bruk vernesko før og under matlaginga.





1 kommentar:

chevostar sa...

He he he he :) Morsomt innlegg!
Godt å ha egen kokk i hus da!
Ha en flott torsdag!