søndag, februar 03, 2008

DUKKETEPPE I GRØNT


Inni mellom UFOane laga eg dette teppet.
Det er meint som eit dukke teppe,
håper nokon får glede av denne.
Vi har jo Maria som sikkert ikkje takkar nei.


Må prøve å få fart på lageret mitt av stoff,
eller som stoffslanking som nokon kallar det.
Men det er vel slik som med mors
beskjedar som går inn det eine øret og ut av det andre.
Har du greidd å sy noko og fått det heilt ferdig,
kan du vere sikker på at det kjem nytt
stoff i huset innan ein par dagar.
Ja, eg har bestilt meg stoff på Lapp og Litt.
*********************************************************************************************************************************************************

Ingen kommentarer: