søndag, februar 10, 2008

Vent litt.......

Dette har vart ei veke med heilt uventa innhold.
Måndag kom rørleggjaren,
mens eg venta på han kom desse to forbi hushjørnet.
Fekk så vidt ta bilete før dei flaug bak kårhuset.
Tirsdagen gjekk til å vente på rørleggjaren som
kanskje skulle komme å bytte klosettet i kårhuset.
Ventetida blei forkorta med besøk av naboen,
og ei som skulle besøke naboen.

Onsdagen var kloakken tett i kårhuset så da venta eg på slambilen.

Torsdagen venta eg på rørleggjaren igjen som måtte spyle kloakken i kårhuset.

Fredag måtte eg avlyse eit møte, mens eg venta på at guten som hadde vert sjuk sidan onsdagen skulle bli betre.

Laurdagen var eg så heldig å få besøk av Inger Anne fra blogglista mi. Ho hadde eg ikkje snakka med på 26 år så ho hadde eg venta aller lengst på.

I dag har eg venta på at den sjuke skal bli betre, er ikkje feberfri men det går rette vegen.

Fredag kunne eg ikkje vente, så da eg fekk tilbud om kurs ombord på båten til Kjøpenhavn i mars. Då måtte eg berre slå til og skaffe barnevakt etterpå.

Kanskje rørleggjaren kjem med klosettet denne veka



5 kommentarer:

HeiGrim-Frupigalopp sa...

Har sikkert sagt det før, har sansen for dine ord og dine betraktniger, koser meg her inne hos deg og ønsker deg ei fortreffelig uke!

lillemy sa...

oi! Det var mye venting!!!
Godt at det som regel ender godt tilslutt!!
Ha en flott uke!

Mita`s hjørne sa...

Ei ventende innholdrik uke dette...
Håper du har hatt en flott tur, uansett...

Ha en koselig uke...

Tuja! sa...

Kjempefint bilde og flotte fugler. Dette var virkelig et blinkskudd.
Sender prisen som jeg fikk fra deg "You`re an Amazing Blogger" til deg for en flott og inspirerende blogg og at du gir meg så mange fine kommentarer.
Ha ei fin uke:-D

Inger Anne sa...

Hei, takk for sist . Snakk om at tiden flyr i godt lag :-)