mandag, februar 11, 2008

Fri som fuglen

Frå naustet ser vi rett over til turistsentret her,
kven som har beste utsikta er uvisst.
Det brukar å vere ein god del med svanar inne i bukta her,
så vi lista oss inn i vika bak naustet og der var det nokre som låg.
Men dei sette opp farta då vi kom.



Denne staselege karen kom ein sving rundt til oss
for å sjekke kva vi gjorde nede ved naustet.
Her satt han lenge og venta før han
sjekka oss som var på søndagstur forrige helg.

Oppreks avdelinga vil gjerne
vil gjerne komme med ein uttalelse,
sidan det har skjedd ein del ting der i det siste.
Etter å ha strikk ein og ein halv labb av det spraglede garnet,
og ein turkis labb.
(eg har greid for første gang i livet å fått til å strikke ein hæl..... godkjent av Inger Anne).
Tok eg like godt å rekte opp alt som eg hadde strikka.
Så med godt mot og ny oppskrift har eg gått i gang på nye labba.
No må eg vel bli fornøyd snart.
Litt vanskelig dame for tida...........trur nok det.

Ingen kommentarer: