mandag, februar 18, 2008

Vinter i hagen

Hadde tenkt å finne fram hage bilete frå sommaren,
men enda opp med bilete av bautasteinen i hagen vår.
Dette biletet tok eg mens eg venta på rørleggjaren,
det blir lite fotografering sidan junior som
eg trudde var på bedtringen veg har fått feber igjen.
Den som lurer på kva eg har gjort i dag,
så har eg venta på.................. rørleggjaren igjen
og vore vikar på biblioteket.
Det blir ikkje mykje sying når det er nokon med feber i huset,
og det er ikkje så lenge før Mr. Fargerike kjem heim igjen (ca tre veker)
så no begynner eg å få dårleg tid for dei siste
14 dagane før han kjem heim går så utruleg fort.

This is a picture from my garden.

Denne veks ikkje i hagen men synes
dei har ein fin eleganse over seg,
så eg går aldri forbi ein "honneslengje"
(Hundekjeks) utan å ta bilete.

Weeds....ratsbane.

Soloppgang skyar.

Morning sky behind the mountain.

************************************************************************************************************************

Ingen kommentarer: