lørdag, desember 08, 2007

Bare Bær...........

Bær i julefarger.
Vi her kallar dei for "Skrubbe" om eg ikkje huskar heilt feil.
Det går godt å ete dei,
men det er betre bær å finne ute i naturen eller i ein åker.


Godt i gang med julebaksten,
det er vel Non- stopp kjeksen som står igjen.
Studentane frå Trondheim
ytra ønske om å få hjelpe til med det.

Vi har bakt "kvite kakemanna" i dag,
fekk med oss ei stor-bakande jente til å hjelpe oss.

Prøvde meg på ei ny og ukjent oppskrift denne gongen.
Er ikkje heilt nøgd med den vi har brukt i fleire år.
Det var tydelegvis sonen,
han ga klar beskjed om at desse "kakemannæn" blei ikkje godtekne.

Så med litt forhandlingar att og fram,
skal eg bake ny forsyning med gamal oppskrifta
men eg slepp å lage figurar, heldigvis.
Da blir det vel pizza trilla som får gjere nytten og stå for designen.

Foreldra til gjestebakaren kom på besøk,
og vi kosa oss med julebrus, lyse kakemenn og sjokoladepudding.

Det var så koseleg å få besøk,
alle hadde tid til å sette seg
ned uten å måtte kike på klokka.
Fekk treffe "lissje" sjarmøren og,
utruleg kor for dei veks dei små.
Syns det ikkje er lenge sidan vi
venta på at han skulle komme.

I morgon kjem ein ny og spennande dag.
Vi får besøk av ste-dattera og hennar familie.
Så no har eg sjansen til å vere "beste",
har kjøpt masse godteri til ungane
både til å ete i morgon og til å ta med heim til jul.

Synd ikkje bestefar er heime,
for da hadde dei i allefall vore sikra god mat og pleie.

Hadde planlagt gryterett men er redd det blir for lite mat.
Kom jo på at vi har Pizzaria i bygda,
dei må jo ha kunder dei og.

Får sjekke kne-forma i morgon.
Så tek vi derifrå.

Ha ein fortreffeleg fin laurdagskveld.

Ingen kommentarer: