onsdag, desember 05, 2007

Engelen Gabriel

Julepynt som eg ofte tenkjer på og gler meg til å ta fram.
Må berre smile kvar gong er går forbi han.

Første jula i 1.klasse, 6 år og han kjem heim med denne.
Sett han frå seg på denne bordet og seier:
" Her har du engelen Gabriel, den er til deg mamma".

Eg måtte bla i arkivet for å hugse kven Gabriel var,
veit det var ein i slekta til mannen.
Men rette mann med utstyr dukka opp i minnet,
så då var eg klar over kven eg hadde fått i hus.



Har ikkje sett så mange englar i mitt liv,
men denne likte eg godt.
Han har eit smil som går frå øyre til øyre,
Samtidig så han smiler på ein fårete måte,
med uskyldige augar.
Men ser samtidig ut som han har gjort noko gale som ikkje egner seg for engler.
Ser ut som han har vært ute ei natt i hardt vær før.

Litt trist å tenkje på at det blir ikkje julepynt frå skulen lenger,
sidan han har kome opp i ungdomms-trinnet.
Gledde meg til ungane kom heim
med sjølv laga ting og stolte viste fram det dei hadde laga.

Alt har si tid og sjarm.

2 kommentarer:

Kreoline sa...

Takk for koselig kommentar, du må bare linke, koselig det. Nydelig engel, så herlig når ungene kommer hjem med ting de har laget, og ofte har de en herlig kommentar til tingen sin. Her er også den tiden over, lenge siden, men jeg har nå tatt vare på det meste, koselige minner. Ha en fin dag.

Heidi sa...

Du skriver fortsatt så treffende! Nydelige lille Gabriel, har flere eksemplarer av arten julepynt fra den tida ja, både med og uten brede glis og fårete blikk...men du verden så koselig!!
Kos deg i adventstida!