mandag, desember 31, 2007

Julegåver i år

Etter at eg fekk ein gris til fødselsdagspresang i vår,
ville eg ha fleire i "fjøset" så julegåve ønsket i år var eit nytt dyr.

Venta spent på julekvelden då gåvene skulle opnast.
Ei tynn pakke med mystiske former skulle pakkast ut.

Det var denne søte skapningen kom ut av papiret,
ungane hadde tegna den til meg.

Har gitt den namn og som den romsdalingen
eg er så måtte det bli noko med Kjell.
(Kjell Magne Bondevik, Kjell Inge Røkke osv.)
Etter litt tenking kom eg fram til Kjellgeit,
Har vert ute og lufta den og gjett den fersk mat kvar dag.
Heldigvis held nokon av sommar blomstrane stand endå,
skulle det knipe har eg høy på løa.

På baksida av geita var det festa ein pose
som inneholdt beviset på at geita er kjøpt og betalt.

Har klaga min nød i fleire kommentarar rundt om på bloggar,
at det er så trist å ikkje å få "heimlaga" ting lenger.

Men vi fekk det lell.
Her er det akvarellar fra poden,
som han har laga på skulen der dei har akvarell i valgfag.

Ein til meg


og ein til far.


Her er dagens produksjon frå poden,
Han har vert oppteken av hus, hage og fine ting
heilt sidan han var liten.
Plana hans no så langt er å bli arkitekt.


Vår dotter hadde dekorert julekuler til oss,
her er eit lettare utval av kuler.
Kjærasten hadde og laga nokre.


Kule 1


Kule 2.


Kule 3.


Kule 4.




Ingen kommentarer: