tirsdag, desember 04, 2007

Kan det bli bedre?





Siste solstrålar på himmelen 2.desember,
korpset skulle spille på julegran tenning fleire plasser,
og eg er oppnevnt som korps-fotograf av ledaren.

Ikkje så glamorøst som hoff-fotograf kanskje.
Men med litt dårleg diksjon og øving,
kan alt høyrast finare ut enn det egentlig er.

Må nesten få skryte litt av meg sjølv sidan ingen andre føler seg kalla.
Har det ikkje så godt når eg må bruke telefonen til å ringe,
så eg går ofte i mange dagar og er uvell og litt kvalm,
før eg tar mot til meg og ringer.
Det er berre tull å bruke så mykje tid på å ikkje ringe,
har blitt flinkere enn før men må vel skjerpe meg enda meir.


Men har bestillt frisørtime hos to ulike frisører,
ringt og bestillt meg time hos doktoren.
Ringt og snakka med stedatra mi,
ringt svigerinna mi to ganger,
ringt naboen tre ganger.

Det som står igjen er å ringe blikkenslagaren,
om han kan lage ein pipe hatt til kårboligen.

Ringer ikkje til ektemannen heller om det ikkje er heilt nødvendig,
men han ringer nesten kvar dag så det går så greit.

Greide nesten å redde dagen for eit par men hjulnøkkelen passa ikkje,
og eg hadde ikkje hjulkryss heller.
Så dei måtte få hjelp av nokre andre.

Så da står eg vel egentlig på null igjen.

Da vil eg ønske alle ein skikkeleg god natt.

Ingen kommentarer: