onsdag, desember 05, 2007

Litt strikking

Temperaturen ute hos oss i dag kvart over åtte.
Då er det vel kuling i vente då.


Det passa i grunnen bra med litt varme no,
Sida eg har laga meg handleddsvarmarar av puddelgarnet mitt.
Stupte ned i knappesamlinga og fann dei tøffe knappane,
Det er møbel-knappar men det gjorde ikkje noko for handleddsvarmarane vart tjukke og gode.

Dei klør, så det er berre å vente og håpe det går over.
Trudde eg var vaksinert mot kløe frå strikka ting,
sidan eg er vokse opp med strikka ullstømpebukser rett på huda,
som var stoppa på hæl og tå i mange ulike fargar og omgangar.


Måtte prøve å få ta bilete av eit av para med fingervottar
eg har laga i det siste før dei
forsvinn ut døra.


Har laga fleire spiralskjerf,
også dei har har funne same vegen som dei i bildet over.

Ingen kommentarer: