søndag, desember 16, 2007

Meir julepynt


Denne broderte eg mens eg såg på OL på Lillehammer.

Har brodert ein del bilete,
mest jule bilete
men greier ikkje å halde nåla skikkeleg lenger
så det har blitt lite brodering dei siste åra.
Men sidan eg greier å strikke og hekle i små dosar,
så kan det jo hende eg kan bruke nåla igjen.


Dette sydde eg på eit kurs med Lise Bergene,
pluss ein engel med bastvinger.


Dette var ei teppegåte


I morgon startar jula her i heimen,
då kjem jenta vår og sambuaren heim.

Mannen kjem heim frå båten
enten i morgon natt eller på tysdag.

Derfor hadde eg lyst til å gjere mest mogleg ferdig.

Hadde store planar om å bake all gjærbaksten i dag,
måtte ty til naboen for å få nok mjølk
for det hadde eg sjølvsagt gløymt å kjøpe.

Laga to "dengjer" med anis kringler og to med bollar.
Julebrød får vi ta å lage når butikken opnar igjen
så eg får kjøpe meg meir mjølk.

2 kommentarer:

Mita`s hjørne sa...

Flotte bilder du har brodert... med meg er det omvendt - har måttet legge strikkinga og heklinga helt på "hylla"... men klarer å holde i nåla - tja sånn nogenlunde da...men det går - og glad er jeg for det...

Ha en kosleig kveld...

Brit. (lille meg) sa...

Så fine applikerte tepper! Du er flink! Og så har du bakt også, det lukter så godt i huset av gjærbakst. Jeg baker valnøttbrød i kveld.
Kos deg i førjulstida!