torsdag, desember 20, 2007

JULEFROKOST FOR FOR 257 STK.


I dag har bondekvinnelaga her og i nabobygda
laga julefrukost for elevar lærarar og dei tilsette på skulen.
Det er elevar fra 1-10 klasse.
Til saman dekte vi på til 257 stk. i bygda sin eigen drettshall.

Vi ordna borda og dekte på kvelden før,
Dette brukte vi 1 time på,
så her var det team arbeid.

Elever fra 9. klasse hjelpte til
å sette opp bord og å ta dei ned igjen i dag.

Så det var berre for oss å leggje på dukar og sette fram koppar og kar.

I dag møtte vi opp kl.07.00 og starta med å smørje
ca. 500 rundstykkjer og å koke kakao.


Her er bordet heilt ferdig og vi ventar på gjestane.
Dette har vi gjordt i 15 år.

Her er alle gjestene samla,
dei hadde vert innom kyrkja først.

Dei samla seg først på på tribuna klassevis
og tok av seg ytterklea og finstasen kom fram.

Avgangs-klassen hadde pynta seg med bunad og dress.
Dei leide dei frå første klasse ned frå tribuna
og fram til plassane deira.

Mellom trinnet hadde laga underhaldning og det var dans og song.

Det er stil over julefrukosten vår,
elevane er så flinke
dei held seg i ro
og ikkje rotar dei heller.

Elevane takkar fint for maten og klappar for oss,
avgangs klassen kjem og takkar oss i handa.

Elevane gler seg slik til julefrukosten,
så dei som har kjenningar i bygdekvinnelaga
blir spurt tidleg om det blir i år og.

Så eg vil ønske alle som hjelpte til
god jul og godt nytt år
og vi treffest til neste jul om ikkje før.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Wow,det var ikke få gjester på den frokosten.Ønsker deg og dine en riktig så god jul:))

Heidi sa...

Driftige kvinnfolk må jeg si, så koselig med slik tilstelning! Ønsker deg ei god jul og et godt nytt år!